Sande barnehage er nytt medlem i OKOS
Sande barnehage er nyinnmeldt i OKOS.
Dette er ei privat barnehage lokalisert på Sande i Sunnfjord kommune (tidligere Gaular).
Barnehagen opna i 1971. Først som ei avdeling i kjellaren på skulen, deretter bygd ut stegvis til ein barnehage med 5 avdelingar. I 2010 kunne dei tre eldste kulla i barnehagen flytte inn i heilt nytt bygg.
I dag har barnehagen 108 barn og 32 tilsette. 41 barn går i Selstadvegen med avdelingar for eittåringar og toåringar, og 67 barn, fordelt på tre avdelingar, går i Steiavegen.
Verdiane til barnehagen er dagar fylt med utfordring og motivasjon, ein trygg stad å vere, ein plass fylt med humor, glede og gjensidig respekt.
Dette betyr at ein ønskjer at barna mellom anna skal få utforske og undre, oppleve meistring, gode aktivitetar og magiske stunder. Ein ønsker å legge til rette for venskap, å kjenne seg sett og lytta til, og at barna møter trygge vaksne med varme fang. Leik og kreativ utfalding, song og drama skal ha plass i kvardagen. Ein skal møte barna der dei er, lære dei å lytte til og sjå kvarandre. Rettleie i kjensler og haldningar, og bekrefte den enkelte.
I høve kollegaene ønskjer ein å støtte og utfordre kvarandre fagleg. Vere imøtekommande og til å stole på. Vere rause med kvarandre, spøke og le. Sjå det positive i kvar enkelt og verdsett ulikheter.
I høve foreldra, ønskjer barnehagen å bli kjent med kvar enkelt familie, vere inkluderande og positiv. Avtalar og beskjedar skal følgast opp. Tilsette skal vere tydelege og ærlige, men også audmjuke i rolla si. Foreldra skal få følge kvardagen til barna gjennom tekst og bilete (t.d. månadsbrev).
Barnehagen er opptatt av bærekraftig utvikling. Ein vil at barna skal bli glad i naturen, forstå samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen. Med tida håpar barnehagen å få grønt flagg og etterkvart bli eit miljøfyrtårn. Sande barnehage er også ein Fiskesprellbarnehage. Målet med alle aktivitetene i Fiskesprell er å inspirere, motivere og stimulere til auka inntak av sjømat i barnehagar og skoler. Her blir det kokkelert og smaka over ein lav sko.
Vi ønskjer Sande barnehage velkommen som nytt medlem og er sikker på at dette er ein god plass å vere – både for born og lærling!