ABONNER PÅ VÅRT NYHEITSBREV

Få siste nytt om kurs, samlingar og aktuelle saker i OKOS-nytt. Meld deg på vårt nyheitsbrev, så held vi deg oppdatert – heilt gratis.

Digitalt id-kort for lærlingar og prøvenemndsmedlemmer

Lærlingar og medlemmer i prøvenemdene kan få digitalt id-kort.

Lærlingar og medlemmer i prøvenemdene kan få digitalt id-kort ved å laste ned appen «It’s Me ID». Du finn den i Play store og Apple store.

I brukarrettleiinga kan du sjå korleis du opprettar det digitale id-kortet.

Elev- og lærlingombod Vestland fylkeskommune

Ann Kristin Hauge er elev- og lærlingombud i Vestland fylkeskommune.

Treng du råd, rettleiing og støtte eller er du usikker på om du som lærling/lærekandidat får oppfylt rettane dine.

Sjå her

OKOS-nytt desember 2023

Vi ønskjer våre lærlingar, instruktørar, faglege leiarar og kontakt-peronar ei fredelig jul og eit riktig god nytt år.

 

OKOS-nytt desember 2023

Karriereveg 2023

Yrkesfag, noko for meg?

Marco Elsafadi intervjuar voksen ungdom om sitt utdanningsval.

Utlån av lærebøker

Vi har ein del brukte VG2 og VG3 lærebøker i helsearbeiderfaget og barne- og ungdomsarbeiderfaget til utlån.

Dette er eit tilbod til dei lærlingane som ønskjer teoretisk påfyll i høve faget og til dei som treng 3102 eksamen for å gå opp til fagprøva.

Bøkene kan ved forespørsel hentast anten på kontoret vårt i Concord bygget i Førde eller om nødvendig få dei tilsendt i posten.

Lærlingar får rabatt på buss og båt.

Ordninga med at lærlingar får studentrabatt på buss og båt vert vidareført i Vestland fylkeskommune, i første omgang fram til 01.01.2022.
Firda Billag si heimeside: firda-billag.no

Brukar du buss mykje og er under 20, kan det også vere aktuelt med eit ungdomskort.

«Eg har valt rett»!

Ellen er lærling i helsefag i Høyanger kommune.
Klikk deg inn og les hennar tanker rundt yrkesval og det å vere lærling.

Artikkel Ellen

Sande barnehage er nytt medlem i OKOS

Sande barnehage er nyinnmeldt i OKOS.

Dette er ei privat barnehage lokalisert på Sande i Sunnfjord kommune (tidligere Gaular).

Barnehagen opna i 1971. Først som ei avdeling i kjellaren på skulen, deretter bygd ut stegvis til ein barnehage med 5 avdelingar. I 2010 kunne dei tre eldste kulla i barnehagen flytte inn i heilt nytt bygg.

I dag har barnehagen 108 barn og 32 tilsette.  41 barn går i Selstadvegen med avdelingar for eittåringar og toåringar, og 67 barn,  fordelt på tre avdelingar, går i Steiavegen.

Verdiane til barnehagen er dagar fylt med utfordring og motivasjon, ein trygg stad å vere, ein plass fylt med humor, glede og gjensidig respekt.

Dette betyr at ein ønskjer at barna mellom anna skal få utforske og undre, oppleve meistring, gode aktivitetar og magiske stunder. Ein ønsker å legge til rette for venskap, å kjenne seg sett og lytta til, og at barna møter trygge vaksne med varme fang. Leik og kreativ utfalding, song og drama skal ha plass i kvardagen. Ein skal møte barna der dei er, lære dei å lytte til og sjå kvarandre. Rettleie i kjensler og haldningar, og bekrefte den enkelte.

I høve kollegaene ønskjer ein å støtte og utfordre kvarandre fagleg. Vere imøtekommande og til å stole på. Vere rause med kvarandre, spøke og le. Sjå det positive i kvar enkelt og verdsett ulikheter.

I høve foreldra, ønskjer barnehagen å bli kjent med kvar enkelt familie, vere inkluderande og positiv. Avtalar og beskjedar skal følgast opp. Tilsette skal vere tydelege og ærlige, men også audmjuke i rolla si.  Foreldra skal få følge kvardagen til barna gjennom tekst og bilete (t.d. månadsbrev).

Barnehagen er opptatt av bærekraftig utvikling. Ein vil at barna skal bli glad i naturen, forstå samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen. Med tida håpar barnehagen å få grønt flagg og etterkvart bli eit miljøfyrtårn. Sande barnehage er også ein Fiskesprellbarnehage. Målet med alle aktivitetene i Fiskesprell er å inspirere, motivere og stimulere til auka inntak av sjømat i barnehagar og skoler. Her blir det kokkelert og smaka over ein lav sko.

Vi ønskjer Sande barnehage velkommen som nytt medlem og er sikker på at dette er ein god plass å vere – både for born og lærling!