Vedtekter for Opplæringskontoret for offentleg sektor i Sogn og Fjordane SA

Vedtekter for Opplæringskontoret for offentleg sektor i Sogn og Fjordane SA

1.  Samanslutningsform og føretaksnamn
Samanslutninga er eit samvirkeføretak med føretaksnamn Opplæringskontoret for offentleg sektor i Sogn og Fjordane SA (OKOS). Medlemane hefter ikkje for føretaket sine eventuelle forpliktingar overfor kreditorar.

Samvirkeføretaket er regulert av lov om samvirkeforetak (samvrkl.). For tilhøve som ikkje er særskilt regulerte i desse vedtektene, gjeld samvirkelova.

2.  Forretningsstad
Forretningskontoret ligg i Førde kommune (Sunnfjord kommune frå og med 1.1.2020), og adressa er Firdavegen 6, Concord, 6801 Førde.

3.  Medlemskap
Godkjende Iæreverksemder i offentleg sektor har rett til å bli medlem av opplæringskontoret ved innmelding. Innmelding skal skje ved søknad til føretaket.

Samansetninga av medlemar (Iæreverksemder) må vere slik at verksemdene samla kan gje opplæring innan opplæringskontoret sitt verkeområde og fastsette Iæreplanar, jf. forskrift til opplæringslova §§ 11-1 og 11-2.

Ved opptak av ei ny medlemsverksemd, må dette meldast til fylkeskommunen, slik at fylkeskommunen kan vurdere den nye samansetjinga av opplæringskontoret opp mot krava til godkjenning i opplæringslova.

Medlemskap skal kunne gå over til ny medlem med samtykke frå styret, jf. samvirkelova § 20.

4.  Føremål og verksemd
Føretaket skal vere eit organ for samarbeid mellom medlemane (Iæreverksemder), som i fellesskap tek på seg opplæringsansvar for Iærlingar, lærekandidatar, praksisbrevkandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb, jf. opplæringslova § 4-3.

Føretaket fremjar medlemane sine økonomiske interesser gjennom deira deltaking i verksemda, men har ikkje erverv til hovudføremål. Hovudføremålet er å yte gode tenester til eller for medlemsverksemdene, og å sikre høg kvalitet på fagopplæringa.

Føretaket skal i samarbeid med medlemsverksemdene, skuleverket og Fagopplæringsnemnda gjennomføre opplæring av Iærlingar, Iærekandidatar, praksisbrevkandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb i samsvar med krava i opplæringslova, forskrift til opplæringslova og læreplanane i aktuelle fag. Kontoret kan òg administrere anna relevant opplæring og praksistrening for medlemsverksemdene.

Opplæringskontoret er fleirfagleg og skal kunne teikne lærekontraktar i alle fag kontoret er godkjend for av Fagopplæringsnemnda.

Offentlege Iærlingtilskot vert utbetalt direkte til opplæringskontoret. Deler av tilskotet vert brukt til å finansiere drifta av opplæringskontoret og deler av tilskotet vert fordelt på medlemsverksemdene ut frå kor mange aktive Iærekontraktar dei har.

5.  Ansvar og oppgåver
Opplæringskontoret skal vere eit serviceorgan for medlemsverksemdene, som mellom anna:

• Sørgjer for at det vert oppretta kontrakt med den einskilde Iærlingen, Iærekandidaten, praksisbrevkandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb
• Sørgjer for at Iærlingane får opplæring i samsvar med aktuell Iæreplan.
• Sørgjer for at Iærlingen vert oppmeld til fag/sveineprøve o.l.
• Sørgjer for at det er faglege leiarar innan alle fag opplæringskontoret er godkjent i
• Har kontakt med ansvarleg leiar, fagleg leiar, tilsynsrepresentant og lærling i medlemsverksemdene
• Gjev råd og bidreg til å løyse konfliktar som måtte oppstå under Iæreforholdet
• Arbeider for å auke rekruttering av Iærlingar til medlemsverksemdene i samsvar med overordna mål i den enkelte verksemda
• Held medlemsverksemdene informerte om nye lærefag
• Samarbeider med Iæreverksemder og andre opplæringskontor om gjennomføring av Iæreforhold. Opplæringskontoret teiknar kontrakt med den einskilde Iærlingen, Iærekandidaten, praksisbrevkandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb om tilsetting i medlemsverksemda. Dato for tiltredinga og tidsramma for Iæreforholdet, går fram av Iærekontrakta. Medlemsverksemda har arbeidsgjevaransvar for Iærlingane, som for andre tilsette, så Ienge Iærlingen er tilsett der. Opplæringskontoret kan instruere medlemsverksemdene til å gje Iærlingen arbeidsoppgåver som sikrar opplæring i samsvar med læreplanen i det aktuelle fag. Opplæringskontoret kan omplassere Iærlingar til ei anna medlemsverksemd dersom medlemsverksemda Iærlingen er i ikkje kan gje Iærlingen den opplæringa som Iæreplanen krev, eller andre forhold tilseier flytting av Iærlingen.

Det skal utformast ein skriftleg samarbeidsavtale mellom opplæringskontoret og medlemsverksemdene som fastlegg ansvarsfordelinga dei imellom.

6.  Medlemsplikter
Medlemane skal arbeide for å fremje høg kvalitet på fagopplæringa, i tråd med opplæringskontoret sitt føremål. Medlemane skal oppfylle dei medlemspliktene som går fram av vedtektene og av samvirkelova.

Medlemsverksemder kan ikkje tilsette Iærlingar utan at dette er godkjent av opplæringskontoret. Dette er ikkje til hinder for at medlemsverksemder, som har deler av si verksemd utanfor fylket (Sogn og Fjordane), tilset lærlingar sjølve, eller gjennom andre opplæringskontor eller opplæringsringar, utanfor fylket.

7.  Utestenging
Ein medlem kan ved skriftleg påbod stengjast ute frå føretaket når medlemmen har krenka føretaket ved vesentleg mishald, eller når tungtvegande grunnar elles tilseier utestenging, etter samvirkelova § 23.

8.  Finansiering og medlemskontingent
Verksemda skal finansierast med offentlege tilskot til Iæreverksemder. Dei offentlege tilskota vert utbetalte til opplæringskontoret, og skal brukast til å finansiere opplæringskostnadane opplæringskontoret og medlemsverksemdene har med å ha Iærlingar, lærekandidatar, praksisbrevkandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Storleiken på beløpet som skal fordelast til verksemdene er avhengig av kor mange aktive kontraktar verksemdene har og kva administrasjonsavgift årsmøtet, etter forslag frå styret, fastset i samband med handsaminga av budsjettet.

Medlemsverksemdene skal betale medlemskontingent, og denne vert innkravd årleg. Storleiken på kontingenten vert fastsett av årsmøtet.

9.  Eigenkapital
Samvirkeføretaket skal alltid ha ein eigenkapital som er forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i føretaket, jf. samvrkl. § 25.

10.  Bruk av arsoverskot
Årsoverskotet kan berre brukast til godskriving av føretaket sin eigenkapital.

11.  Styre, valkomite og dagleg leiar
Føretaket skal ha eit styre med fem medlemar og tre varamedlemar.

Årsmøtet skal utnemne ein valkomite på tre personar, som foreslår personar til styret. Valkomiteen skal ha medlemar frå tre ulike medlemar/medlemsverksemder. Valkomiteen si funksjonstid er på fire år, og følgjer den kommunale valperioden.

Styret si samansetjing skal vere slik:

Ein medlem med personleg vara frå fagforeininga med flest arbeidstakarmedlemar Fire medlemar frå medlemsverksemdene og to varamedlemar i nummerert rekkefølgje. Styret skal samla ha den kompetansen som er nødvendig for å utføre styret sine oppgåver på ein forsvarleg måte. Årsmøtet skal søke å oppnå kjønnsbalanse i styret ved at det er minst to medlemar av kvart kjønn blant styremedlemane og minst ein av kvart kjønn blant dei nummererte varamedlemane. Styremedlemane og varamedlemane vert valde for to år om gongen, men slik at berre halvparten av medlemane er til val kvar gong. Årsmøtet vel leiar av styret. Styret vel sjølv nestleiar. Føretaket skal ha ein dagleg leiar. Styret tilset og utarbeider arbeidsinstruks for dagleg leiar. Dagleg leiar skal delta på styremøte og årsmøtet.

12. Styret sine oppgåver og mynde
Styret har driftsansvaret for opplæringskontoret og skal m.a.:

— Ha det overordna opplæringsfaglege ansvaret
— Vedta målsetjingar og handlingsplanar for kontoret
— Fastsetje administrasjonsavgift (i prosent av brutto tilskot)
— Fastsetje retningslinjer for fordeling av tilskot
— Utarbeide årsrekneskap og årsmelding for kontoret
— Utarbeide budsjettforslag for kontoret
— Syte for at det vert oppretta eit register over medlemane i føretaket, jf. samvirkelova § 18
— Handsame innmeldingssøknadar / samtykke til overføring av medlemskap

Styret skal legge til rette for elektronisk kommunikasjon mellom medlemane, jf. samvirkelova § 6, såframt dette let seg gjere utan å kome i konflikt med reglar om teieplikt og personvern.

13. Ordinært årsmøte
Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen av april.

Årsmøtet kan haldast i ein annan kommune i fylket enn forretningskommunen, jf. samvirkelova § 45. Alle medlemane har rett til å delta på møtet, og kan eventuelt late seg representere ved fullmektig. Representant frå Fagopplæringsnemnda har høve til å delta som observatør. lnnkalling må skje minimum to veker før møtet. Innkallinga kan sendast elektronisk til medlemar som har godteke det, jf. samvirkelova § 6.

Ein medlem har rett til å ta opp saker på årsmøtet. Eventuelle saker må meldast skriftleg til styret i så godt tid at dei kan takast med i innkallinga. Innkallinga skal vere klar på kva saker som skal handsamast. Saker som ikkje er med i innkallinga, kan ikkje avgjerast utan at alle medlemane i føretaket samtykker, jf. samvrkl. § 50.

På det ordinære årsmøtet skal følgjande saker handsamast og avgjerast:
1. Godkjenning av årsrekneskap, budsjett og årsmelding, medrekna disponering av eit eventuelt årsoverskot 2. Fastsette storleiken på medlemskontingenten
3. Val av valkomite kvart fjerde år
4. Val av styre kvart andre år
5. Fastsetting av styregodtgjersle
6. Andre saker som etter lova eller vedtektene høyrer under årsmøtet.
Eit vedtak av årsmøtet krev fleirtal av dei røystene som er gjevne. Årsmøtet kan vedta å endre vedtektene med 2/3 fleirtal av dei røystene som er gjevne. Vedtektsendringar som nemnt i samvrkl. § 54 andre ledd og vedtak om å Iøyse opp samvirkeføretaket, krev tilslutning frå minst 4/5 av dei gjevne røystene. Det skal førast protokoll frå årsmøtet, og denne skal signerast av møteleiar og ein person valt av årsmøtet.