• Fagprøvesamling i helsearbeidarfaget 4. april

    Concord Firdavegen 6, Førde

    Grunna stor etterspurnad arrangerer vi ei ekstra fagprøvesamling i helsearbeidarfaget på Concord i Førde onsdag 4. april. Samlinga tek for seg dei ulike sidene ved fagprøva, regelverk, gjennomføring og evaluering. Målgruppa er lærlingar, lærekandidatar, praksiskandidatar og faglege leiarar.

  • Yrkesfagløftet

    2018 er Yrkesfagenes år og regjeringa har vedtatt ulike tiltak for å løfte yrkesfaga.

  • Grunnleggjande instruktørkurs i Førde 25.-26. april

    Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Storehagen 2, Førde

    Todagarskurs for faglege leiarar og instruktørar som har ansvar for opplæring av lærlingar og lærekandidar i våre medlemsbedrifter.
    Formål med kurset er å gje deltakarane ei innføring i lærlingordninga generelt, lovverk, planlegging, gjennomføring og evaluering av internopplæringa.

  • Førstehjelpskurs for lærlingar i Barne og ungdomsarbeidarfaget 27. april

    Storehagen Atrium Storehagen 1B, Førde

    Førstehjelpskurs spesielt retta mot barne og ungdomsarbeidarar. Kurset er utarbeidd i samarbeid med ambulansetenesta ved Førde sentralsjukehus. og formålet er å gje god kompetanse innanfor skadebehandling, livreddande førstehjelp og varsling. 

  • Grunnleggjande instruktørkurs i Førde 19.-20. september 2018

    Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Storehagen 2, Førde

    Det vert nytt instruktørkurs på Scandic Sunnfjord hotell i Førde 19.-20. september 2018. Kurset informerer om lærlingordninga generelt, planlegging av opplæring, kvalitetssikring og god rettleiing spesielt.

  • Introduksjonssamling for lærlingar i barne og ungdomsarbeidarfaget og hestefaget

    Storehagen Atrium Storehagen 1B, Førde

    Alle våre nye lærlingar i barne og ungdomsarbeidarfaget og hestefaget vert innkalla til samlig i Førde 15. oktober.
    Introsamlinga orienterer om din rettar og pliktar som lærling, og i arbeidslivet generelt. Du vil få utdelt lærlingmappe, og m.a. få orientering om loggføring og korleis du kan kvalitetssikre opplæringa di. 

  • Introduksjonssamling for lærlingar i helsearbeidarfaget

    Alle våre nye lærlingar i helsearbeidarfaget vert innkalla til samlig i Førde 24. oktober.
    Introsamlinga orienterer om din rettar og pliktar som lærling, og i arbeidslivet generelt. Du vil få utdelt lærlingmappe, og m.a. få orientering om loggføring og korleis du kan kvalitetssikre opplæringa di.

  • Introduksjonssamling for lærlingar i dataelektronikarfaget

    Fylkeshuset Askedalen 2, Leikanger

    Alle våre nye lærlingar i dataelektronikarfaget vert innkalla til samlig i Leikanger 7. november.
    Introsamlinga orienterer om din rettar og pliktar som lærling, og i arbeidslivet generelt. Du vil få utdelt lærlingmappe, og m.a. få orientering om loggføring og korleis du kan kvalitetssikre opplæringa di.

  • Temasamling for helsefaglærlingar 19.-20. november

    Storehagen Atrium Storehagen 1B, Førde

    Måndag 19. og tysdag 20. november arrangerer vi todagars samling for helsefaglærlingane våre innanfor velferds- og sporingsteknologi, terminalpleie, etikk, brann og heimeulykker. 
    Samlinga inkluderer m.a. tur til Stryn vidaregåande skule for eit besøk i demonstrasjonsleiligheta for velferdsteknologi, forelesningar av fagpersonar og praktiske øvingar.

  • Fagprøvesamling i helsearbeidarfaget 20. mars.

    Concord Firdavegen 6, Førde

    Lærlingar, lærekandidatar og praksiskandidatar (inkludert instruktørar og faglege leiarar) som skal opp til fagprøve i helsearbeidarfaget vert invitert til fagprøvesamling i Førde 20. mars. Samlinga informerer om dei ulike sidene ved fagprøva (planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering) slik at ein reduserer stressfaktoren i prøvesituasjonen og kan legge til rette for ei best mogleg gjennomføring av fagprøva.