Introduksjonssamling for lærlingar i dataelektronikarfaget

Fylkeshuset Askedalen 2, Leikanger

Alle våre nye lærlingar i dataelektronikarfaget vert innkalla til samlig i Leikanger 7. november.
Introsamlinga orienterer om din rettar og pliktar som lærling, og i arbeidslivet generelt. Du vil få utdelt lærlingmappe, og m.a. få orientering om loggføring og korleis du kan kvalitetssikre opplæringa di.

Temasamling for helsefaglærlingar 19.-20. november

Storehagen Atrium Storehagen 1B, Førde

Måndag 19. og tysdag 20. november arrangerer vi todagars samling for helsefaglærlingane våre innanfor velferds- og sporingsteknologi, terminalpleie, etikk, brann og heimeulykker. 
Samlinga inkluderer m.a. tur til Stryn vidaregåande skule for eit besøk i demonstrasjonsleiligheta for velferdsteknologi, forelesningar av fagpersonar og praktiske øvingar.

Fagprøvesamling i helsearbeidarfaget 20. mars.

Concord Firdavegen 6, Førde

Lærlingar, lærekandidatar og praksiskandidatar (inkludert instruktørar og faglege leiarar) som skal opp til fagprøve i helsearbeidarfaget vert invitert til fagprøvesamling i Førde 20. mars. Samlinga informerer om dei ulike sidene ved fagprøva (planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering) slik at ein reduserer stressfaktoren i prøvesituasjonen og kan legge til rette for ei best mogleg gjennomføring av fagprøva.

Fagprøvesamling i barne og ungdomsarbeidarfaget 21. mars.

Concord Firdavegen 6, Førde

Lærlingar, lærekandidatar og praksiskandidatar som skal opp til fagprøve i barne og ungdomsarbeidarfaget (inkludert instruktørar og faglege leiarar) vert invitert til fagprøvesamling i Førde. Samlinga informerer om dei ulike sidene ved fagprøva (planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering) slik at ein reduserer stressfaktoren i prøvesituasjonen og kan legge til rette for ei best mogleg gjennomføring av fagprøva.

Førstehjelpskurs for lærlingar i helsearbeidarfaget 10.-11. april

Førde Gjestehus og Camping Kronborgvegen 44, Førde

Kurset vert halde i samarbeid med ambulansetenesta ved Førde sentralsjukehus, og formålet er å gje god kompetanse innanfor livreddande førstehjelp og varsling, spesielt med tanke på arbeid utanfor institusjon, kor fagarbeidaren sjølvstendig må være i stand til å vurdere og sette i verk nødvendige tiltak.

Fagprøvesamling i helsearbeidarfaget

Concord Firdavegen 6, Førde

Lærlingar, lærekandidatar og praksiskandidatar som i 2019 skal opp til fagprøve i helsearbeidarfaget vert invitert til fagprøvesamling i Førde onsdag 8. mai.   
Målet er å gi kandidatane informasjon om dei ulike sidene ved fagprøva og legge til rette for ei best mogleg gjennomføring av fagprøva. Programmet omfatter m.a. informasjon frå opplæringskontoret, fagprøvenemnda, gruppearbeid og diskusjonar.

Førstehjelpskurs for lærlingar i helsearbeidarfaget 3. – 4. juni 19

Førde Gjestehus og Camping Kronborgvegen 44, Førde

Kurset vert halde i samarbeid med ambulansetenesta ved Førde sentralsjukehus, og formålet er å gje god kompetanse innanfor livreddande førstehjelp og varsling, spesielt med tanke på arbeid utanfor institusjon, kor fagarbeidaren sjølvstendig må være i stand til å vurdere og sette i verk nødvendige tiltak.

Instruktørkurs 18. – 19. juni

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Storehagen 2, Førde

Kurs for faglege leiarar og instruktører i våre medlemsbedrifter. I tillegg til ei innføring i lærlingordninga generelt, vil ein i løpet av kursdagene dekke ei rekke relevante tema som t.d. kva krav som ligg på lærebedrift, fagleg leiar og instruktør. Korleis ein kan planlegge, gjennomføre og evaluere internopplæring, og korleis ein kan rettleie og bruke relasjonsbygging som ein motivasjonsfaktor.

Fagprøvesamling i Dataelektronikarfaget

Concord Firdavegen 6, Førde

Målet med samlinga er å gje lærlingar, lærekandidatar og praksiskandidatar informasjon om ulike sider ved fagprøva; planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering, og gje kandidaten eit så godt grunnlag som mogleg for å gjenomføre ei god fagprøve.

Introduksjonssamling for OKOS-lærlingar

Førde Gjestehus og Camping Kronborgvegen 44, Førde

Onsdag 16. og torsdag 17. oktober vert det obligatorisk introsamling for alle OKOS lærlingar. 
Samlinga tar for seg ulike sider ved det å vere lærling. Du vil bli orientert om dine rettar og plikter som lærling, og i arbeidslivet generelt. Du vil få informasjon om loggføring/MinLogg, og korleis du kan oppnå best mogleg opplæring.