Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Fagprøvesamling i helsearbeidarfaget 4. april

4.april 2018 kl 10:00 - 15:30

For å imøtekomme stor etterspurnad arrangerer vi ei ekstra fagprøvesamling i helsearbeidarfaget på Concord i Førde onsdag 4. april.

Målet er å gi kandidatane (lærlingar, lærekandidatar, praksiskandidatar) informasjon om dei ulike sidene ved fagprøva (planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering) slik at ein reduserer stressfaktoren i prøvesituasjonen og legg til rette for ei best mogleg gjennomføring av fagprøva.

I tillegg er målet å gi faglege leiarar/instruktørar ei innføring i innhaldet og vurderinga av prøven, slik at ein kan gi prøvekandidatane meir sjølvstendige, omfattande og samansette oppgåver den siste delen av læretida (styrke opplæringa).

Samlinga vert gjennomført med forelesingsbolkar, gruppearbeid og diskusjon.

Samlinga er gratis for lærlingar, lærekandidatar, faglege leiarar og instruktørar i våre medlemsbedrifter. Praksiskandidatar utan kontrakt betaler 400 kroner.

Deltakaravgift kr. 600,- for eksterne deltakarar (lærlingar og/eller instruktørar frå andre bedrifter). Deltakaravgifta vert fakturert arbeidsgjevar; korrekt fakturaadresse må oppgis for at påmeldinga skal vere gyldig!

Maks antal deltakarar er 20. Lærlingar/lærekandidatar og instruktørar tilknytta OKOS vert prioritert.
Vi forbeholder oss retten til å endre deltakarlista etter intern vurdering.

Påmeldingsfrist: 21. mars!

Program og påmelding

Detaljer

Dato:
4.april 2018
Tid
10:00 - 15:30

Arrangør

OKOS Sogn og Fjordane
Telefon
57 82 50 80

Sted

Concord
Firdavegen 6
Førde, 6800
+ Google-kart

Detaljer

Dato:
4.april 2018
Tid
10:00 - 15:30

Arrangør

OKOS Sogn og Fjordane
Telefon
57 82 50 80

Sted

Concord
Firdavegen 6
Førde, 6800
+ Google-kart