Samarbeidsavtalen Førde VGS 2023/24
Frå og med januar 2023 blei Hafstad vgs og Mo og Øyrane vgs samanslått til Førde vidaregåande skule. Skulen har om lag 1000 elevar og opplæringskontoret fekk i desember 2022 på plass ein samarbeidsavtale innan fagopplæring med avdeling for helse og oppvekst. Avtalen er gyldig til 30. juni 2024 og skal då reviderast.
Føremålet med avtalen er å legge til rette for eit styrka og systematisk samarbeid mellom skulen og OKOS, med mål om å sikre rekruttering frå skule og inn til læreplassar i offentleg sektor , fortrinnsvis innan Helsearbeidarfaget (HEA) og Barne-og ungdomsarbeidarfag (BUA).