Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Fagprøvesamling i helsearbeidarfaget 3. juni

3.juni 2020 kl 10:00 - 15:00

Lærlingar og opplæringskandidatar som i 2020 skal opp til fagprøve i helsearbeidarfaget, faglege leiarar og instruktørar i lærebedriftene som har ansvar for opplæring i faget, vert invitert til fagprøvesamling i Førde onsdag 3. juni.

Samlinga har som mål å

– gje prøvekandidatane informasjon om dei ulike sidene ved fagprøva; planlegging, praktisk gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av prøva, slik at ein kan redusere nervøsitet/stress i sjølve prøvesituasjonen og gje kandidaten eit godt grunnlag for å løyse oppgåva på ein så god måte som mogeleg.

– gje faglege leiarar/instruktørar ei innføring i innhaldet i, og vurderinga av, prøva i samsvar med læreplanen, slik at ein kan styrke opplæringa fram mot fagprøva.

Arbeidsform:          Forelesingsbolkar, casearbeid og diskusjon.

Stad:                         Concord, Førde – like over vegen for Mo og Øyrane vgs.

Tid:                           Onsdag 3. juni kl. 10.00-15.00

           

Deltakaravgift (inkl. lunsj) for tilsette i OKOS sine medlemsbedrifter:

Gratis for lærlingar/opplæringskandidatar

Gratis for faglege leiarar/instruktørar

kr 400.- for praksiskandidatar utan lærekontrakt


For andre er deltakaravgifta kr 500.- (inkl. lunsj).

Merk; Faktura vert sendt arbeidsgjevar, og eksterne deltakarar må oppgje korrekt fakturaadresse for gyldig påmelding.
Vi ser på samlinga som ein del av opplæringa di, og fakturerer difor ikkje privatpersonar.


PROGRAM OG PÅMELDING.

Det er avgrensa med plass på samlinga. Vi forebeholder oss retten til å endre deltakarlista ved behov.
Ved stor pågang vil lærlingar/lærekandidatar og instruktørar tilknytta OKOS verte prioritert.

Vi følgjer dei retningslinjer som til ei kvar tid foreligger i forhold til smittevern og offentlege tiltak. Dette vil kunne påverke samlinga i større eller mindre grad, også på kort varsel. 

Detaljer

Dato:
3.juni 2020
Tid
10:00 - 15:00

Arrangør

OKOS Sogn og Fjordane
Telefon
57 82 50 80

Sted

Concord
Firdavegen 6
Førde, 6800
+ Google-kart

Detaljer

Dato:
3.juni 2020
Tid
10:00 - 15:00

Arrangør

OKOS Sogn og Fjordane
Telefon
57 82 50 80

Sted

Concord
Firdavegen 6
Førde, 6800
+ Google-kart