Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Tankevirus-kurs

22.oktober 2024 kl 18:00 - 20:00

Er sjølvtilliten frynsete og bekymringane hyppige? Grublar du mykje? Lyst til å lære nokre teknikkar for å få det betre? Då kan du melde deg på Tankevirus-kurs!

Kva er Tankevirus?

Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus.

Tankevirus er også tilgjengeleg som app (gratis). Den er kvalitetssikra og tilrådd av Helsedirektoratet og Helsedepartementet. I 2022 var det 100 000 personar som lasta ned appen. 7 av 10 opplev betring.

Når vert det kurs og for kven?

  • Kurs for tilsette innan opplæring i bedrift (opplæringskontor, lærebedrifter, rettleiingstenesta) vert 20. og 27 september kl. 13.00-15.00
  • Kurs for elevar og ungdom i oppfølgingstenesta vert 21. og 28. oktober kl 18.00-20.00
  • Kurs for læringar og lærekandidatar vert 22. og 29. oktober kl. 18.00-20.00

Meld deg på via påmeldingsskjema i linken under. Kurset er digitalt med nettbaserte samlingar. Du deltek anonymt gjennom chat og utan kamera.

Kven står bak kurset?

Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen arrangerer kursa i Tankevirus.

Lurer du på noko om kurset kan du ta kontakt med Tonje Kirkebøen-Slettemo på e-post: tonje.kirkeboen-slettemo@vlfk.no eller på telefon 90571523.

 

 

Detaljer

Dato:
22.oktober 2024
Tid
18:00 - 20:00
Kategori for Arrangement:

Arrangør

Vestland Fylkeskommune

Detaljer

Dato:
22.oktober 2024
Tid
18:00 - 20:00
Kategori for Arrangement:

Arrangør

Vestland Fylkeskommune