Førstehjelpskurs i helsearbeidarfaget
11.mars kl 09:00 - 12.mars kl 15:30
Formål: Kurset vert halde i samarbeid med Helse Først og formålet er å gje god kompetanse innanfor livreddande førstehjelp og varsling, spesielt med tanke på arbeid utanfor institusjon, kor fagarbeidaren sjølvstendig må være i stand til å vurdere og sette i verk nødvendige tiltak.
Program
Onsdag
- Velkommen
- Teknikkar og tips for å førebyggje skade hjå seg sjølv.
- Korleis sjå at ein pasient er kritisk sjuk, og kva ein gjer på staden før ressursar er framme. (Varsling, enkel førstehjelp og elementær pasientbehandling)
- Akutte sjukdommar i hjarte, hjerne, infeksjon-sepsis, anafylaksi, astma, allergi, kols, hypotermi og dei mest vanlege skadane i heimen.
|
Torsdag
- Generell informasjon om å hjelpe kritisk sjuke eller skadde og oppfølging etterpå. Sjølvtillit til å hjelpe.
- ABC-prinsippet.
- Livreddande førstehjelp med praktiske øvingar.
- Trafikkulukke, blødningar, stabilisere ledd med enkle tiltak, pustevanskar, augeskade, brannskade, krampar, hjartestans.
- Hjartestartar
- DHLR – øvingar og eventuelt konkurranse til slutt med premie (kven gruppe gjer best HLR i 3 min). Konkurransen er avhengig av tal på deltakarar og om ein ynskjer det. Vanlegvis er det moro 🙂
- Kursbevis for gjennomført og bestått kurs.
|
Tid: kl. 09.00-15.30 begge dagar
Stad: Førde gjestehus og camping
Kursavgift: OKOS vil dekke kursavgifta, inkl. lunsj begge dagar. Lærlingar med behov for overnatting avtaler bestilling og refusjon via arbeidsgjevar.
Påmeldingsfrist: 1. mars 2026