Medlemsavtale
MEDLEMSAVTALE
mellom
xxxxxxxxx
(seinare nemnd som Bedrifta)
og
Opplæringskontoret for offentleg sektor i Sogn og Fjordane
(seinare nemnd som Opplæringskontoret)
Bedrifta og Opplæringskontoret skal i samarbeid gjennomføre profilering, rekruttering og opplæring av lærlingar i samsvar med behov i bedrifta, gjeldande opplæringslov, forskrifter, anna relevant regel- og avtaleverk, læreplan i dei aktuelle fag og vedtekter for opplærings-kontoret.
1. Opplæringskontoret forpliktar seg til å yte den service og rådgjeving som framgår av vedtekter.
2. Bedrifta er kjend med gjeldande vedtekter for Opplæringskontoret og kva desse inneber for gjennomføring av læreforhold.
3. Bedrifta forpliktar seg til å leggje forholda til rette slik at Opplæringskontoret kan utføre dei tenester og rådgjeving som framgår av vedtekter.
4. Bedrifta har arbeidsgjevaransvar for lærlingen.
5. Bedrifta oppnemner ein lokal kontaktperson som har ansvaret for den administrative kontakten med Opplæringskontoret. Endring av kontaktperson må meldast til opplæringskontoret.
6. Bedrifta må forsikre seg om at lærlingen får fullgod opplæring. Det må nyttast erfarne og i størst mogeleg grad fagutdanna personar til dagleg oppfølging av lærlingen. Bedrifta kjem med framlegg om kvalifisert fagleg leiar som må godkjennast av Opplæringskontoret. Endring av fagleg leiar må meldast til Opplæringskontoret.
7. Bedrifta må utarbeide ein individuell opplæringsplan, og attestere i opplæringsboka som lærlingen skal føre.
8. Bedrifta betaler medlemskontingent, og får overført tilskot for lærlingen etter vedtak i styret.
Dato
For Opplæringskontoret:
Hans-Børge Lillehaug
Dagleg leiar
For bedrifta:
xxxxxxxxxxxxxxxxxx
xxxxxxxxxxxxx