
- Dette arrangementet er ferdig.
Introsamling lærlingar i helsearbeidarfaget
25.september kl 09:00 - 15:30
Obligatorisk samling for alle nye OKOS-lærlingar i helsearbeidarfaget.
Formål: Samlinga tar for seg dine rettar og plikter som lærling, og i arbeidslivet generelt. Du vil bli orientert om loggføring, rettleiing, og korleis du kan oppnå best mogleg opplæring. Du vil også motta informasjonsmateriell relevant for læretida di.
Gjennomføring: Concordbygget, 2 etasje. Firdavegen 6
Kostnader: OKOS dekker kursavgifta og lunsj. Arbeidsgjevar bestiller/betaler naudsynt overnatting for sine deltakarar.
PROGRAM
0900-1030 Vestland fylkeskommune, Rettleiingstenesta og Elev- og lærlingombod
- Kjenne til organiseringa av lærlingordninga
- Kjenne til lærlingen og lærebedrifta sine rettar og plikter
- Informasjon om lærlingombodet og rettleiingstenesta si oppgåve
1030-1530 (inkl. lunsj frå ca. kl. 1130) Opplæringskontoret for offentleg sektor
- Kjenne til læreplanen i faget (pensum)
- Kunne bruke MinLogg (intern opplæringsplan)
- Kunne finne fram i lista over arbeidsoppgåver
- Tildeling av lisensar for e-læringskursa (HEA)
- Kunne bidra i ein vurderingssamtale på ein god måte
- Informasjon om andre kurs og samlingar gjennom læretida
Du stadfester at du kjem ved å nytte påmeldingsskjema under innan 21. september!
Det er møteplikt. (Huks å orientere læreplassen om at du vert borte). Har du ikkje høve til å møte må du kontakte oss!