Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Fagprøvesamling i barne og ungdomsarbeidarfaget 21. mars.

21.mars 2019 kl 10:00 - 15:30

Lærlingar og opplæringskandidatar som i 2019 skal opp til fagprøve i Barne- og ungdomsarbeidarfaget, faglege leiarar og instruktørar i lærebedriftene som har ansvar for opplæring i faget, vert invitert til fagprøvesamling i Førde torsdag 21. mars.

Samlinga har som mål å

– gje prøvekandidatane (lærlingar, lærekandidatar, praksiskandidatar) informasjon om dei ulike sidene ved fagprøva; planlegging, praktisk gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av prøva, slik at ein kan redusere nervøsitet/stress i sjølve prøvesituasjonen og gje kandidaten eit godt grunnlag for å løyse oppgåva på ein så god måte som mogeleg.

– gje faglege leiarar/instruktørar ei innføring i innhaldet i, og vurderinga av, prøva i samsvar med læreplanen, slik at ein kan gi prøvekandidatane meir sjølvstendige, omfattande og samansette oppgåver den siste delen av læretida (styrke opplæringa).

Arbeidsform:           Forelesingsbolkar, gruppearbeid og diskusjon.

Stad:                          Concord, Førde – like over vegen for Mo og Øyrane vgs.

Tid:                            Torsdag 21. mars kl. 10.00.-15.30

           

Deltakaravgift (inkl. lunsj) for tilsette i OKOS sine medlemsbedrifter:

Gratis for lærlingar/opplæringskandidatar

Gratis for faglege leiarar/instruktørar

kr 400.- for praksiskandidatar utan lærekontrakt

 

For andre er deltakaravgifta kr 600.- (inkl. lunsj). Deltakaravgifta blir fakturert arbeidsgjevar, og avtale med arbeidsgjevar er derfor nødvendig.


Alle (også inviterte kandidatar) må nytte påmeldingsskjema.

Påmeldingsfrist 7. mars!

PROGRAM OG PÅMELDING 

     

Maks antal deltakarar er 20. Vi forebeholder oss retten til å endre deltakarlista ved behov.

Lærlingar/lærekandidatar og instruktørar tilknytta OKOS vert prioritert.

 

 

Detaljer

Dato:
21.mars 2019
Tid
10:00 - 15:30

Arrangør

OKOS Sogn og Fjordane
Telefon
57 82 50 80

Sted

Concord
Firdavegen 6
Førde, 6800
+ Google-kart

Detaljer

Dato:
21.mars 2019
Tid
10:00 - 15:30

Arrangør

OKOS Sogn og Fjordane
Telefon
57 82 50 80

Sted

Concord
Firdavegen 6
Førde, 6800
+ Google-kart